Totaltforbod mot bål er oppheva

bål.JPG - Klikk for stort bilete Brannsjefen har bestemt at totalforbodet blir oppheva frå 18.06. kl.12:00.
Nedbøren siste dagane og meldingane vidare framover gjer at den akutte brannfaren er over.
For jonsokbål gjev brannsjefen herved eit generelt løyve til bålbrenning (mindre bål) på jonsokaftan, men det krev at folk sender ei tekstmelding til befalsvakt/teknisk vakt i kommunen til tlf 901 98 987 seinast dagen før. Den skal innehalde:

  1. Jonsokbål
  2. Stad og gardsnummer/bruksnummer
  3. Namn på ansvarleg person
  4. Mobilnummer til ansvarleg person
  5. Tidspunkt for bålbrenninga
  6. N.B! Store bål eller bål på stader der dei kan utgjere fare for omgjevnadane skal søkjast om som vanlig også på jonsokaftan.

Når det gjeld jonsokaftan, er dette ein spesiell kveld når det gjeld bålbrenning i Norge. Det er tradisjon med mange små og litt større bål veldig mange stader. At alle som planlegg bålbrenning denne kvelden skal søkje skriftlig om løyve, vil nok ikkje fungere i praksis. Av denne grunn gir brannsjefen derfor eit generelt løyve til bålbrenning (mindre bål) på jonsokaftan.

 

Generelt bålforbod (15.april -15.november) blir no gjeldande framover og det betyr i hovudsak:

  1. Det kan søkjast skriftlig til brannsjefen om løyve til bålbrenning. Løyve kan bli gitt etter særskild vurdering i kvart enkelt høve. Elektronisk skjema finst på kommunen si heimeside.
  2. Hagegrilling er lov om det ikkje medfører fare for brann.
  3. Hugs uansett løyve eller ikkje: Det er den som tenner på som har ansvaret.
  4. Naudsynt sløkkjeutstyr skal alltid vere på plass.
  5. Bål og grill skal alltid ha ein ansvarlig person og denne skal ha overoppsyn og passe på at bål eller grill er 100% sløkt før sistemann forlet området.
     

18.06.2018
Brannsjefen i Vanylven kommune

Sist endra 18.06.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Magne  Lundehaug Magne Lundehaug brannsjef
70 03 00 62
@ Magne Lundehaug
Login for redigering