Tilskot til utsiktsrydding? Frist 15.november

20170823001-Utsiktsrydding.jpg - Klikk for stort bilete Det kan søkjast om utsiktsrydding i landbrukets kulturlandskap. Tilskotet er på inntil 70% av kostnadsoverslaget.

I 2016 behandla Fylkesmannen 44 søknader om tilskot til utsiktsrydding. Av desse fekk 34 prosjekter tilskot. Ordninga er vidareført i 2017 med 5 mill. kroner. I 2017 har det berre kome inn 18 søknadar. Dokumentasjon etter gjennomførte prosjekt viser mange gode resultat. Fylkesmannen vel difor å lyse ut tilskot til utsiktsrydding på nytt i 2017. Ny søknadsfrist er 15. november 2017. Søknaden sendast via kommunen, som kan hjelpe til med søknaden.

Tilskot på inntil 70 % av godkjend kostnadsoverslag kan gjevast til føretak som er registrert i Einingsregisteret, og som ryddar vegetasjon for å gje betre utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt. Dersom søkjaren ikkje er grunneigar eller rettigheitshavar, må det ligge føre skriftleg tillating frå desse. Områda som blir rydda, skal vere av verdifull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side. Rydningsvirket skal brukast til bioenergiformål, når det er mogleg.

I søknaden må det gå fram på kva måte kulturlandskapet blir betre synleg etter tiltaket. Det skal ligge ved dokumentasjon i form av kart/flyfoto og bileta.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har vedteke retningslinjer for forvaltning av tilskot til utsiktsrydding her i fylket.

Sist endra 31.10.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Randi Aarønæs Randi Aarønæs rådgjevar landbruk
70 03 00 73
@ Randi Aarønæs
Informasjon (1)
Login for redigering