Stortingsvalet og Sametingsvalet 2017

1200px-Norsk_stemmeurne[1].jpg - Klikk for stort bilete

I 2017 er det val av nytt Storting og nytt Sameting.

Valgdagen er fastsett til måndag 11. september. Enkelte kommunar har val over to dagar, både søndag 10. september og måndag 11. september.

                          I Vanylven er det val ein dag: 11. september.

 

vallogo[1].jpg - Klikk for stort bilete

 

Det skal veljast 169 representantar til Stortinget. Av desse er 150 distriktsmandat frå dei ulike fylka. Dei resterande 19 mandata er utjamningsmandat som er fordelte med eitt utjamningsmandat på kvart fylke. 

Frå Møre og Romsdal fylke skal det veljast 9 representantar.

 

Desse partia stiller liste i Møre og Romsdal:  

Alliansen

Arbeiderpartiet

Demokratene i Norge

Fremskrittspartiet

Høgre

Kristeleg Folkeparti

Partiet De Kristne

Kystpartiet

Liberalistene

Miljøpartiet De Grønne

Nordmørslista

Pensjonistpartiet

Rødt

Senterpartiet

Sosialistisk Venstreparti

Venstre.

 

Godkjende vallister er lagt ut på www.mrfylke.no.

 

 

RØYSTERETT OG MANNTAL

 

Desse har røysterett ved stortingsvalet:

Norske statsborgarar som

  • vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som
  • er eller nokon gong har vore folkeregisterførte som busette i Norge, og som 
  • ikkje har mista røysteretten etter Grunnlova § 53.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.

 

Alle personar med røysterett vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen dei var registrert busette pr. 30.juni i valåret.

Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå.

 

Manntalet vert lagt ut til ettersyn på Servicetorget, Rådhuset, Fiskå frå midten av juli/slutten av juli 2017.

Om du meiner manntalet inneheld feil, kan du sende skriftleg krav om oppretting av feilen til Valstyret i Vanylven, Rådhuset, 6143 Fiskå.

 

 

FØREHANDSRØYSTING - TIDLEGRØYSTING

Veljarar som ynskjer det kan førehandsrøyste i perioden 10. august – 8. september på Servicetorget, Rådhuset måndag – fredag mellom kl 08.00 og 15.00.

 

Det vert også halde ope på Servicetorget, Rådhuset for førehandsrøysting laurdag 2. september mellom kl. 11.00 og kl. 14.00.  

 

Dessutan kan veljarar som ikkje har høve til å røyste etter 10. august få avgje røyst frå måndag 3. juli.  Dette gjeld altså berre for dei som ikkje har høve til å røyste etter 10. august.

 

Røystar du på førehand er røystegjevinga endeleg og kan ikkje omgjerast ved å møte fram på valdagen.

 

Du kan førehandsrøyste i ein annan kommune enn der du bur/er manntalsført. Dersom du røyster utanfor kommunen eller fylket du er registrert busett i, får du utdelt røystesetlar som er påførte dei registrerte politiske partia. Du må då krysse av for eller skrive på kva parti/gruppe du røystar på.

 

Dersom du er i utlandet og ikkje får avgitt røyst i Norge, kan du førehandsrøyste på mange av dei norske utanriksstasjonane.  Utanriks og på Svalbard og Jan Mayen kan ein førehandsrøyste i perioden 1. juli – 30. august.

 

Institusjonar og ambulerande

Siste veka før valet skal det vere førehandsrøysting på institusjonar i Vanylven kommune.

Dei nøyaktige dagane vert å avtale med leiarane på Vanylven helse- og omsorgssenter og Syvdetun. Dette vil bli kunngjort med oppslag på institusjonane.

 

Om du på grunn av sjukdom eller andre grunnar ikkje kan kome til vallokalet, kan du søkje om å få førehandsrøyste der du bur (ambulerande røystegjeving).  Søknad om ambulerande røystegjeving skal sendast til Valstyret i Vanylven, Rådhuset, 6143 Fiskå innan 6. september. 

 

 

LEGITIMASJON OG VALKORT

Veljarar som er ukjende for røystemottakar skal legitimere seg. Alle må difor ta med legitimasjon når dei skal røyste, både ved førehandsrøystinga og på valdagen 11. september. Gyldig legitimasjon kan vere pass, førarkort eller bankkort med bilete.

 

Alle veljarar får tilsendt valkort . På valkortet finn du informasjon om opningstid og vallokale du skal nytte på valdagen.  Valkortet må takast med ved førehandsrøysting.

 

 

VALTING 11. SEPTEMBER

Det vert halde valting på desse stadane måndag 11. september 2017:

 

Rovde krins:               Rovde forsamlingshus

Myklebust krins:        Fredtunkjellaren - Bygdastova

Eidså krins:                 Eidsåtun

Åram krins:                 Åram skule - Grendastova

Fiskå krins:                 Kommunestyresalen, Combisenteret

Sylte krins:                  Syltefjord bygdehus

Åheim krins:               Åheim skule

 

Tid for røystegjeving kl. 10.00 – 18.00 i krinsane Myklebust, Fiskå og Åheim.

Tid for røystegjeving kl. 12.00 – 18.00 i krinsane Rovde, Eidså, Sylte og Åram.

 

Nærare opplysingar om valet finn du på  www.valg.no

 

 

SAMETINGSVALET

I kommunar med færre enn 30 personar i Sametingets valmanntal, slik som i Vanylven, er det berre høve til å førehandsrøyste ved Sametingsvalet.

Førehandsrøysting i perioden 10. august – 8. september på Servicetorget, Rådhuset mellom kl 08.00 og 15.00.

 

 

 

 

 

12.06.17

KKV

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Sonja Lade. Sist endra 05.07.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
Login for redigering