Søkjer medhjelpar til leksetid-prosjekt

people-2557399_1280.jpg - Klikk for stort bilete

Vanylven kommune søkjer medhjelparar til nytt leksetid-prosjekt i regi av Utekontakten.

 

Utekontakten i Vanylven skal våren 2018 starte opp prosjektet «Leksetid - Tid til lekser».

Prosjektet vil vere ei prøveordning skulehalvåret, våren 2018. Tilbodet blir gitt til alle i 8. – 10. klasse i kommunen. Elevane skal få tilbod om leksetid 1,5 time éin dag i veka, direkte etter skuleslutt.  

Føremålet med prosjektet er å gi alle ungdomsskuleelevane i kommunen eit tilbod om leksehjelp og hjelp til å organisere og sette av tid til leksearbeidet.

Målet med tiltaket er å skape trygge elevar, meistringskjensle og auke trivselen.  

Vi treng hjelparar til to ulike arbeidsgrupper;

  1. Leksehjelparar som skal hjelpe og rettleie elevane med leksene. Dette kan gjerne vere tidligare eller noverande lærarar, eller andre som har kjennskap til ungdomskulepensum.
  2. Kjøkkengruppa som skal førebu eit enkelt måltid til elevane når dei kjem.

Timeløn vil vere tilsvarande «pensjonistløn» som for tida er 196 kr/timen. Ein må forvente noko tid til førebuing og opprydding.

Interesse kan meldast til utekontakt, Annette Gjeterud

E-post: utekontakt@vanylven.kommune.no

Tlf: 454 29 326

Publisert av Annette Håkondatter Gjeterud. Sist endra 27.11.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Annette Håkonsdatter Gjeterud Annette Håkonsdatter Gjeterud utekontakt
70 03 00 20
@ Annette Håkonsdatter Gjeterud
Login for redigering