Rekneskap og årsmelding

coins-948603_1920.jpg - Klikk for stort bilete

Rekneskap, årsmelding og revisjonsmelding er sendt til kontrollutvalet, og blir politisk handsama i formannskapet den 24. april 2018 og i kommunestyret den 8. mai 2018.

Overskotet er på kr 17.039.116, og er fordelt slik:

Skatteinntekt/inntektsutjamning kr 1,2 million
Skjønn kr 1,6 million
Rente kr 0,4 million
Konsesjonskraft/havbruksfond kr 0,1 million
Aksjeutbytte kr 0,5 million
Pensjonsutgifter/premieavvik kr 3,4 million
Flyktningtilskot kr 2,2 million
Overskot sektorane 2017 kr 7,6 million
Totalt kr 17,0 milllion

Etter rekneskapen 2017 vil dei frie diposisjons-fonda totalt vere på kr 46.741.646, medan det ordinære disposisjonsfondet vil vere på kr 25.881.463.

Rådmannen vil likevel vise til at kr 4.000.000 av disposisjonsfondet allereie er disponert ved vedtak i kommunestyret i 2017. Vidare vil rådmannen tilrå at kr 5.000.000 blir sett av til investeringsfond - dette for å redusere behov for låneopptak ved investeringar. I tillegg vil det vere kr 450.000 i tilbakeføring frå avdelingsfond for dei avdelingane som har hatt meirforbruk.

Det ordinære disposisjonsfondet vil etter desse disponeringane vere på kr 17.341.463, og til orientering så var det ordinære disposisjons-fondet i fjor på kr 17.862.184.

Rådmannen vil understreke at kommunen har kortsiktig gjeld (premieavvik) til KLP på kr 17.169.313 og det er viktig at vi til ein kvar tid har tilstrekkeleg med frie midlar på det ordinære driftsfondet til denne gjelda - som skal nedbetalas over 7 år - kortsiktig gjeld gjennom premieavviket har auka med kr 2.972.304 i 2017.

Årsmelding er ein status for drifta til kommunen i 2017. Årsmeldinga vil saman med analysa frå Telemarksforsking i 2017; Kommunekompasset 2018 og Kommunebarometeret 2018, vere eit godt grunnlag for politisk diskusjon om fokusområde som kommunen bør arbeide med framover mot budsjettet 2019.

Årsmeldinga 2017 kan du lese her:

 

 

Rekneskapet 2017 kan du lese her:

 
Publisert av Andreas Christian Nørve. Sist endra 13.04.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
Login for redigering