No skal alle små vassforsyningsanlegg registrerast

vatn.jpg - Klikk for stort bilete

Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vere registrert hos Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, for eksempel ein brønn som forsyner eitt eller fleire hus med drikkevatn.

Meir informasjon og lenke til registreringsskjemaet på mattilsynet.no.  

Registreringa kan ein enkelt gjere frå mobiltelefonen
Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt, mobiltilpassa skjema til føremålet. I skjemaet registrerer du vassforsyningssystemets plassering ved å markere staden i eit kart, og det er kun nokre få tilleggsspørsmål som skal svarast på.

Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet
Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi bruke denne informasjonen i vårt arbeid. Ei slik oversikt kan for eksempel vere viktig når kommunen legg planer for bruk av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikta gjer det mulig for oss å vurdere omsyn til drikkevassskildene på eit tidlig tidspunkt.

Drikkevatnet skal vere trygt – også fra små vassforsyningssystem
I januar 2017 kom ei ny drikkevatnforskrift, som sette tydelegare krav til trygt drikkevatn, også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vere registrert står i drikkevannsforskriften § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k. Informasjon til dei minste vassforsyningssystema gir nyttig informasjon som er spesielt tiltenkt for små vassforsyningssystem.  

Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med Mattilsynets sentralbord på 22 40 00 00, og spør om å få snakke med di lokale avdeling.

Sist endra 09.05.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
Login for redigering