Kurs i skapande skriving

Er du ein vassekte bokorm? Har du ein forfattar i magen? Plagast du med skrivekløe? Er du glad i skrive, men vil lære meir? Du bør like å lese, utfordre deg sjølv og våge å dele det du skriv med andre. Våren 2018 tilbyr Vanylven kulturskule eit kortkurs i SKAPANDE SKRIVING for elevar i ungdomsskulealder.

Skapande skriving - Klikk for stort bilete

Svarte du ja på eitt eller fleire av spørsmåla over, så kvess blyanten og kom! Kurset vil ha seks samlingar i løpet av våren, onsdagar i vekene 6-12. Samlingane vil i hovudsak bestå av djupdykk i kreative skriveoppgåver i alle sjangrar, der elevane får jobbe med eigen tekst, men også responsarbeid der ein les og kommenterer kvarandre sine tekstar. Kurshaldar Hilde Myklebust vil delta aktivt og gje elevane gode verkty for å skape gode tekstar, og ikkje minst finne si eiga skriverøyst. Kurset avsluttast med ein opplesingskveld på Vanylven folkebibliotek før påske.

Hilde Myklebust (f. 1979) kjem frå Syltedalen. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008. Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande. Ho har sidan gjeve ut barnediktsamlinga Bjørkebokstavar og biletboka Jon og den lange julenatta. I 2011 kom romanen Glødepunkt, med handling frå ei bergverksindustrien. Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen. Ho har halde mange skrivekurs fleire stadar i landet for både vaksne, ungdom og barn.

For kven: deg som bur i Vanylven og går på ungdomsskulen – og har lyst til å skrive
Kva tid: Onsdagar 1700-1830, frå og med 7. februar til og med 21. mars 2018 (fri i vinterferien)
Stad: Myklebust skule
Arrangør: Vanylven kulturskule
Kurshaldar: Hilde Myklebust
Pris: 350 kr pr deltakar
Påmelding innan: 24. januar, via epost: kulturskulen@vanylven.kommune.no
Spørsmål rettast til rektor i Kulturskulen på telefon 700 30405 eller epost.

Kurset har begrensa plass, førstemann til mølla gjeld.
Publisert av Hanne Benedicte Drabløs. Sist endra 20.12.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
Login for redigering