Høyring: Forslag til nye vegnamn

Vegnamnskilt - Klikk for stort bilete

Kommunen foreslår no vegnamn på Eidså, Åram, Fiskå, Sylte, Slagnes og Åheim. Send gjerne inn andre namneforslag, helst med grunngjeving. Fristen er 18.september.  

Dei fleste vegnamna for alle hovudvegane og vegane på Rovde og i Syvde har vore vedtekne tidlegare. No står resten av kommunen for tur. Målet er at alle i kommunen skal ha vegadresser med husnummer.

Skrifteleg forslag til nye namn kan sendast til postmottak@vanylven.kommune.no
eller til Vanylven kommune, teknisk sektor, 6143 Fiskå.
Merk det med "sak nr 2013/403.

Stadnamn er kulturminne, og er ein del av lokalmiljøet og historia. Det er med å styrkje folks kjensle av å høyre til på ein stad. Ein må tenke på at namna skal bli ståande i generasjonar framover.
Tips til namneforslag:

  • Bruk namn med allereie godkjent skrivemåte
  • Bruk namn som er i bruk eller beskriv staden, som vidarefører den lokale namnetradisjonen
  • Unngå likelydande namn
  • I felt med behov for fleire namn kan ein bruke same forstaving, eks. Hovdevegen, -stien, -svingen, -bakken, -stubben.
  • Unngå namn på nolevande personar
  • Namnet bør vere lett å bruke, lese og uttale

Dei aktuelle namneforslaga skal etterpå kvalitetssikrast gjennom stadnamntenesta hos Språkrådet. Før politisk vedtak, skal saka ligge ute til offentleg høyring i 4 veker. Endeleg vedtak om adresser og husnummer i denne omgongen bør vere ferdig i år, slik at vi kan legge adressene i kart  og sette opp skilt i 2018.

Sist endra 28.06.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Randi Aarønæs Randi Aarønæs rådgjevar landbruk
70 03 00 73
@ Randi Aarønæs
Terje Kolstad Terje Kolstad kommunalsjef - beredskapsleiar
70 03 00 71
@ Terje Kolstad
Login for redigering