Frigjerings- og veterandag

Sigurd Tonnig-Olsen/Forsvaret - Klikk for stort bileteSigurd Tonnig-Olsen/Forsvaret 8. mai er vår frigjerings- og veterandag. Meir enn 100 000 kvinner og menn har delteke i internasjonale operasjonar etter den andre verdenskrig, og i dag utgjer veteranane ryggraden i det norske Forsvaret. I år er det også 70 år sidan Tysklandsbrigadene var oppretta, som var den første internasjonale operasjonen etter den andre verdenskrig.

I Vanylven kommune er det dag registrert busett 21 veteranar, som har tenestegjort i internasjonale operasjonar, og vi er den kommunen på Søre Sunnmøre som har flest veteranar i høve folketalet:

Kommune Veteranar Innbyggjarar I %
Vanylven 21 3 203 0,66 %
Ørsta 51 10 744 0,47 %
Volda 39 9 102 0,43 %
Ulstein 25 8 457 0,30 %
Herøy 21 8 957 0,23 %
Hareid 11 5 185 0,21 %
Sande <10 2 540 -

 

Dersom du ønskjer ein kronologisk oversikt over alle dei internasjonale operasjonane Norge har delteke i, så finn du ein god oversikt her: https://itjenestefornorge.no/

Forsvaret har også god informasjon om veteranane og internasjonale oppdrag her https://forsvaret.no/tjeneste/veteraner. I tillegg har veteranane ein eigen interesseorganisasjon, som du lese om her http://siops.no/om-siops.


Men det er også viktig at kommunen har fokus på dei kommunale tenestane til veteranane, samt sikrar at vi kan gi nødvendig oppfølging til veteranane innanfor vårt ordinære tenestetilbod. Regjeringen har i oppfølgingsplan "I tjeneste for Norge" (2014) også oppmoda kommunane i landet til å utvikle kommunale planar for å sikre våre veteranar frå internasjonele oppdrag eit best mogleg tilpasssa tenestetilbod.

Rådmannen har med bakgrunn i dette utarbeidd utkast til ein veteranplan, som skal handsamast i formannskapet den 9. mai, og denne planen vil vere eit viktig grunnlag for sikre ivaretaking av våre veteranar. Du kan lese utkastet til Vanylven kommune sin veteranplan her:

 
Publisert av Andreas Christian Nørve. Sist endra 08.05.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
Login for redigering