Digitale talent - kurs for deg over 19 år

NAV Møre og Romsdal arrangerer kurs for digitale talent. Illustrasjonsfoto: Pixabay  - Klikk for stort bilete

NAV Møre og Romsdal tilbyr eit spanande kurs som vert kalla ‘Digitale talent’. Det er eit årskurs i spelutvikling for arbeidssøkjarar over 19 år med interesse for data.  

Målet er å nå ungdom, men òg foreldre som har unge heime som har stor interesse og kompetanse for data og spelutvikling. Det er ikkje krav til formell kompetanse. 

 

Forkurs 

Dersom ein får plass, må ein delta på eit forkurs i spelutvikling for å avklare egenheit og motivasjon. Formålet med dette er å gje deltakaren ei grunnleggande innføring i dei ulike områda for speldesign og utvikling.
 
Kurset skjer heime via eget pc-utstyr, web-plattform og dataprogram. Det vert gjennom forkurset avklart om deltakar kvalifisera seg til å gå vidare på årskurset i spelutvikling. Det må være påmeldt minimum 30 deltakarar for at det skal verte oppstart. Dette varer i seks veker, med oppstart 18. juli - 29. august 2018. Tidspunktet er måndag til fredag frå kl.12-18. 

 

Spelutviklingskurs 

Formålet med spelutviklingskurset er å utvikle ferdigheiter innan programmering/koding, historieforteljing, design, lyd, bilete, 3D-modellering og prosjekt. Ein får utvikla kompetanse innan lagarbeid, prosjektleiing, kommunikasjon, eigen karriereplan og marknadsarbeid. I tillegg arbeidast det med å utvikle relasjonar til fagmiljø og bedrifter som kan bidra til å bygge eigen karriere. Spelutviklingskurset byrjar torsdag 6.september og held fram i 10 månader. 
 

Krav til utstyr 

For å delta på forkurset og spelutviklingskurset må ein ha eigen datamaskin der minimumskravet er 64 bits dual core-prosessor, 8GB RAM eller tilsvarende. Ellers er det IOS- eller Androidsmarttelefon, webkamera, mikrofon, hodetelefoner og breiband. 
 

Ta kontakt 

Unge kan ta kontakt med NAV Herøy eller ditt lokale kontor ved å kome innom i opningstida og melde di interesse ved å levere kontaktinformasjon, eller sende ei melding til sakshandsamar gjennom aktivitetsplanen på nav.no. Det vil då bli oppretta kontakt og avklart om kandidaten er aktuell for kurset. 
 
NAV Herøy har ope måndagar, onsdagar og fredagar mellom kl.10 – kl.12.

 

Publisert av Ane Malene Søvik Nygård. Sist endra 26.06.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
Login for redigering