Barnehageopptak 2018/2019

Syvde barnehage 2.jpg - Klikk for stort bilete

Alle som ynskjer barnehageplass eller overflytting til anna barnehage i Vanylven kommune, må søkje innan fristen 1. mars 2018. 

For dei som ikkje allereie har barnehageplass til sitt barn, men som står på venteliste, vert alle gamle ventelister sletta i samband med opptak til nytt barnehageår.

Dei som har barnehageplass og som ikkje ynskjer endring av noko slag, treng ikkje søkje på nytt.

Dei som søkjer for nytt barn eller som ynskjer endring av storleik på barnehageplass eller overflytting til anna barnehage skal sende inn skjema. Ein nyttar same skjema til alle tenestene. Hugs å krysse av i skjema kva kriterium du søkjer for ditt barn.

Opptak og søknadsfrist:

Søknadsfrist for barnehageplass frå hausten 2018 er innan torsdag 1. mars 2018.

Vanylven kommune har samordna opptak til barnehageplass. Om du ynskjer plass i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage, nyttar du elektronisk søknadsskjema.  Søknadsskjema finn du i menyen til høgre.

Du kan ta kontakt med servicekontoret dersom du treng hjelp til utfylling av skjema.

Fyller du ut rubrikk for e-post adresse på det elektroniske skjemaet, vil du når søknaden er registrert, mota ein e-post som varslar at søknaden er motteken.

Rett til barnehageplass:

Lov om barnehagar § 12 a.:

Barn som det blir søkt for innan fristen 1. mars, og som fyller eit år innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass, og som er busett i kommunen, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august.  Kommunen har oppfylt retten til barnehageplass etter lova når søkjar får eit av desse punkta oppfylt:

-                 Første ynskje oppfylt

-                 Andre ynskje oppfylt

-                 Tilbod i annan barnehage i kommunen, men framleis i samsvar med § 12 a.

 

NB. Søkjarar som blir tildelt barnehageplass i samsvar med § 12 a og som takkar nei til eit av dei tre tilboda, vil ikkje ha rett på å få eit nytt tilbod frå kommunen.

Dersom du som søkjar ikkje har fått første ynskje oppfylt har barnet ditt rett til å få stå på venteliste til den barnehagen du ynskjer, uansett om du takkar ja eller nei til det tilbodet om plass i barnehage som du har fått. Dette kryssar du av på i svarbrevet til kommunen.

 

Søknad om overflytting/endring av plass:

Alle som har barnehageplass, kan søkje om overflytting til anna barnehage i Vanylven kommune.

Søknad om overflytting har frist 1. mars, og du nyttar elektronisk søknadsskjema. Hugs å merke i søknadsskjema at søknad gjeld overflytting.

Dersom ein i inneverande barnehageår står på venteliste til anna barnehage i kommunen og ein framleis ynskjer overflytting, må ein søkje om dette på nytt til hovudopptaket innan 1. mars.

Tildeling av barnehageplass:

Ei opptaksgruppe samansett av rådgjevar barnehage og styrarar i kommunale og privat barnehage samarbeider om opptaket. Prioriteringa skjer etter dei til ei kvar tid gjeldande kriteria for opptak.

Tildelingsbrev vert sendt ut i løpet av mars/april når opptak er gjort.

Dei som ikkje har rett på plass, må vente lenger på tilbakemelding om dei har fått tildelt barnehageplass eller ikkje. Vi vil ha eit andre opptak når alle som har rett til plass og har fått tilbod om plass har gitt  tilbakemelding til kommunen om dei ynskjer å ta imot plassen.

Svar på tilbod om barnehageplass:

Alle som får tilbod om barnehageplass har tre veker svarfrist til kommunen. Svar sendast skriftleg til adresse som står på tilbodsbrevet. Dersom ein ikkje svarer på tilbod om barnehageplass, kan ein misse retten til plassen ein er tildelt. Plassen vil då tildelast dei som står på venteliste.

Vedlegg:

Dersom du søkjer prioritert plass til ditt barn, t.d. etter § 13 i barnehagelova, så hugs å kryss av for kriteriet på søknadsskjema og tilråding frå sakkunnig instans/faginstans må vere komen til oppvekstkontoret innan 1. mars. Dette gjeld berre dei som har sakkunnig vurdering frå fagleg instans.

Oppseiingstid:

Oppseiingstida i kommunal barnehage er 1 md rekna frå den 1. i påfølgande månad. Dersom ein seier opp plassen med datering f.o.m. 1 april eller seinare, må ein betale ut året til 15 .juli. Same regel gjeld for oppseiing av deler av plassen.

 

 

Søknad utanom hovudopptaket:

Du kan søkje barnehageplass også utanom hovudopptaket. Dersom det blir ledige barnehageplassar i løpet av året, tildeler vi desse til born som står på venteliste.

Dersom du ikkje bur i Vanylven kommune kan du søkje om barnehageplass i kommunen.  Born til søkjarar som ikkje bur i Vanylven kommune vert prioritert etter barn som bur i kommunen.

Klage:

Dersom barnet har rett på plass, kan søkjar klage over avslag på søknad om barnehageplass ved hovudopptaket. Søkjer kan også klage dersom ein ikkje får sitt 1 eller 2 ynskje oppfylt. Klagefrist er 3 veker etter motteke svarbrev.

Klagen skal stilast til rådgjevar barnehage i Vanylven kommune.

Dersom rådgjevar barnehage opprettheld vedtaket, vert saka handsame i klagenemnda for endeleg avgjerd.

Publisert av Ane Malene Søvik Nygård. Sist endra 07.02.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
Login for redigering