Vi søkjer ny rådmann/kommunedirektør

Klikk for stort bilete

Vanylven kommune søkjer ny rådmann/kommunedirektør 

Fullstendig søknadstekst og annonse finn du her

Arbeidsoppgåver

Ved sida av administrativ leiing, vil sentrale arbeidsoppgåver vere knytt til å utvikle ein effektiv, framtidsretta og innbyggjarorientert kommune som utviklar god kvalitet i alle tenester, og som er ein aktiv utviklingsaktør i lokalsamfunnet, med tanke på bulyst, omdømebygging og nærings- og stadsutvikling.

Kvalifikasjonar

Som rådmann/kommunedirektør bør du ha:

  • Høgare relevant utdanning og dokumenterte resultat frå tidlegare leiarstillingar
  • Erfaring frå offentleg sektor, eller anna leiarerfaring i kombinasjon med kunnskap om kommunale utfordringar.
  • Strategisk og økonomisk kompetanse
  • Evne til å bygge ein utviklingsorientert kultur
  • Evne til å vere omgjengeleg og utadvent, og flink til å skape og oppretthalde gode relasjonar.

Det er ønskeleg at du har leiarutdanning, har god samhandlingskompetanse og at du kan bidra til å skape eit godt meistringsklima.

Kjennskap til og forståing for samspelet mellom politikk/administrasjon, fag, lover og forvaltning er ein føresetnad, og stillinga krev evne til effektiv gjennomføring av politiske vedtak og eventuelle omstillingsprosessar.

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein rådmann/kommunedirektør:

  • Som er trygg og tydeleg med ein motiverande og samlande leiarstil, som vil bidra til vidare utvikling av lokalsamfunnet Vanylven i dialog med folkevalde, innbyggjarar, næringsliv, medarbeidarar og deira organisasjonar.
  • Som kan sørge for god økonomistyring, mål- og resultatstyring med gode styringsverktøy for berekraftig utvikling.
  • Som bygger tillit, skapar motivasjon og arbeidslyst hos medarbeidarar, gjennom meistringsorientert leiing.   
  • Som utviklar ein framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk i samspel med dei ulike sektorane

 

Vi tilbyr ei utfordrande og spanande leiarstilling i Vanylven sin største kompetansebedrift.  

Nærare opplysningar om stillinga vert gitt av ordførar Lena Landsverk Sande  tlf. 45 22 71 68 eller konstituert rådmann Frode Vik, 99 28 86 00.  Kortfatta søknad og CV må sendast til kommunen innan 31.01.2021.

Fullstendig søknadstekst og annonse finn du her