Vasslekkasje på Hakallestranda

Vanylven kommune har oppdaga ein vasslekkasje mellom Sandvika og Rønnestad.

Kommunen arbeider med å finne lekkasjepunkt, noko som gjer at det dessverre kan ta noko tid før alt er i orden. 

Periodevis vil heile Hakallestranda oppleve dårleg vasstrykk på grunn av lekkasjen. 

Vanylven kommune vil kome med meir informasjon etter kvart.