Vasslekkasje på Eidet - oppdatert informasjon!

  

 

Oppdatert 14.09 kl. 15.30

Lekkasjen er no reparert. Vi gjennomfører ei utspyling og vatnet vert difor avstengt frå Nærbutikken til Koparneset medan dette går føre seg. Dette vil ta om lag 20 minutt. 

 

Oppdatert 14.09 kl. 12.38

Teknisk sektor har funne lekkesjepunktet og vil utbetre dette i løpet av dagen/kvelden. Dersom det oppstår fleire problem, vil informasjon kome fortløpande på heimesida til Vanylven kommune og på Facebook. Dersom folk endå ikkje har vatn, skuldast dette at det vil ta litt tid før vassrøyret er fylt opp. Det vert arbeidd med saka. 

Dersom vatnet er heilt vekk, ta kontakt med Mads Kjelstadli (mobil: 90 99 23 69)

 

Oppdatert 14.09 kl. 11.52 

Ein forsyner no førebels strekninga Eidså - Koparnes med vatn. Hustandar ved bedehuset på Eidså er framleis utan vatn. Teknisk arbeider med å finne vasslekkasjen i dette området.

 

Vasslekkasje på Eidet

Kommunen har oppdaga vasslekkasje på Eide. Abonnementar mellom Eidså- Løset og Eidså-Koparnes vert diverre utan vatn. Usikker kor tid desse abonnementane får vatnet attende i natt.

 

Med helsing

Teknisk sektor