Vanylvsmesterskap i rulleløp 2019

Klikk for stort bileteMåndag 19 august vart det arrangert vanylvsmesterskap i rulleløp ved helse- og omsorgssenteret.  

Ordførar Lena opna showet kl.12.00 og kjapt etterpå var ein igang med kort løype og lang løype.

Eldste deltakar i løpet var ei dame på 104 år. 

Det vart trekte premiar for 

  • Best pynta rullestol/rullator 
  • Eldste deltakar 
  • Avdeling med flest deltakarar og best pynta deltakarar. 

Alle hadde det kjekt og storkosa seg. Dette satser vi på må bli ein tradisjon, seier avdelingsleiar Rose-Mari Thunem Nygård. 

(Trykk på bildegalleriet for best kvalitet)