Vanylven kommune søkjer guide til Valborgsamlinga og St. Jetmund kyrkja

Vanylven kommune søkjer guide til Valborgsamlinga og St. Jetmund kyrkja

 St Jetmund kyrkje er ei langkyrkje i stein opphaveleg bygd i 1155. I følge sagn skal St Edmund ha stått eit stykke opp i fjellsida, ved «Jetmundsleite» og peikt ut staden for kyrkja. Valborgssamlinga er eit lite museum med ei samling av bruksting, tekstilar, klede og gardsreidskap i hovudsak frå tida 1800-1900.   

Arbeid i stillinga:

  • omvisning i Valborgssamlinga og St.Jetmund kyrkje frå 1.7-31.07.22 kl 12-17:00
  • selje billettar 
  • vask og vedlikehald på inne- og uteområde 
  • halde samlinga og kyrkja ope for gjestar

Personlege eigenskaper som blir prioritert:

  • gode norsk og engelskkunnskapar, gjerne også tysk.
  • interessert i historie
  • god på samarbeid
  • fleksibel, omgjengelig og serviceinnstilt
  • sjølvstendig og målretta
  • god munnleg formidlingsevne

Vi tilbyr arbeid på ein historisk stad samt opplæring om historia rundt St Jetmund og Valborgssamlinga

Korleis søkje? 

Du søkjer på stillinga ved å sende ein mail til: postmottak.vanylven@vanylven.kommune.no. Skriv litt om deg sjølv, svar gjerne på punkta frå "personlege eigenskapar".

Anna

Arbeidsgjevar: Vanylven kommune

Tilsettingsforhold: sommarjobb  

Ny søknadsfrist: 1.juni 2021

Har du spørsmål? 

Veslemøy Ervik , rådgjevar kultur og oppvekt 

Mob 91530249 
epost veslemoy.ervik@vanylven.kommune.no