Vanylven kommune inviterar til framtidsverkstad 9.juni

Bilde/illustrasjon lånt frå Kystverket Pål Are Lilleheim/Norwegian Coastal Administration)   

Vanylven kommune ynskjer gjennom Gnist-prosjektet å involvere innbyggjarane til å kome med innspel knytt til følgande målsetningar i samband med bygginga av Stad skipstunnel:

  • Korleis sikre at båtane ikkje berre passerer gjennom tunnelen, men bidreg til verdiskaping og god stadsutvikling lokalt?
  • Korleis fremje stoppeffekt langs heile kystleia, med særleg fokus på vårt område?

Vi håpar du har anledning å kome og idèmyldre saman med oss, og kanskje kan vi lokke med litt matservering og sosialt samvær?

Møt oss 9.juni i kafeteriaen i Olivinhallen, klokka 18:00-19:30 

Velkommen skal du vere !