Utdeling av hurtigtestar - servicetorget på rådhuset Fiskå i opningstida frå kl. 09.00 til kl. 15.30 måndag til fredag 

1. Henting av testar:

Dersom du ikkje har luftvegssymptom, kan du hente hurtigtest på servicetorget i opningstida.

Av smittevernoensyn ber vi om at innbyggjarar med luftvegssymptom får symptomfrie pårørande til å hente test for seg. Hugs å bruke munnbind når du hentar testar.

2. For personer som har symptom, men ingen friske til å hente for seg: 

Ring koronatelefonen 70030109 mellom kl. 09-15  måndag til fredag for å avtale utlevering.

 

Kven kan få gratis hurtigtest?

  • ved symptom som hovudverk, halsvondt, hoste, feber eller generell sjukdomskjensle. 
  • bur saman med ein som er smitta
  • har fått melding om at du er nærkontakt 

Du kan ikkje få hurtigtest av kommunen om du treng å teste deg før eit arrangement, for at du skal ut på reise eller for at du kjenner uro for å være smitta utan at du er definert som nærkontakt eller har symptom. 

Treng du testar utanom hentetid, får du også kjøpt testar på apotek.   

Har du testa positivt?                                       

Du må informere kommunen om positivt prøvesvar. Du kan registrere positivt prøvesvar her:

Reglar for karantene og isolasjon finn du her:                                                             

Kort:

  • Isoler deg med ein gong.
  • Du må varsle husstanden din som skal gå i karantene med ein gong og teste seg etter reglar
  • Du må sjølv varsle dine øvrige nærkontaktar. 

                                                                         

Ta kontakt på 70030109 ved spørsmål.  

La-Rel Easter/Unsplash.com