Undersøking av landet sine vassressursar

Klikk for stort bileteEffektane av ureina luft og nedbør på vassressursar skal no følgjast opp gjennom ei undersøking av om lag 1000 innsjøar i Noreg. 

I 2019 har Miljødirektoratet bestemt at dei 1000 statistisk utvalde innsjøane som også vart undersøkt i 1995 skal takast på nytt til hausten for å oppdatere oversikta over miljøtilstanden. Det er NIVA som skal gjennomføre undersøkinga på oppdrag frå Miljødirektoratet. 

Vassdalsvatnet og Myrkevatnet var med på undersøkinga i 1995, og vil på nytt bli undersøkt til hausten. Data vil bli samanlikna frå 1995 til 2019.

Bakgrunnen for dette er at det har skjedd store endringar i viktige miljøfaktorar dei siste 23 åra. I takt med redusert sur nedbør har også konsentrasjonar av kalsium og magnesium gått ned, noko som ein fryktar enkelte stadar kan gje marginal vasskvalitet for fisk og anna liv. 

Undersøkingane vil bli utført med helikopter.