TV-aksjonen i Vanylven kommune

Klikk for stort bileteVanylven kommune er med å støtte TV-aksjonen i år som alle andre år.
I år handlar TV-aksjonen om å bekjempe plast i havet gjennom å etablere og forbetre eksisterande avfallssystem for meir enn 900 000 menneske.

I samarbeid med kommunane, myndigheitene og næringslivet skal vi redusere utslepp av plast til elv og hav med 7000 tonn årleg.
Vi skal samle inn og resirkulere søppel som i dag endar opp i naturen, redusere bruken av unødvendig plast og jobbe for at regjeringa forpliktar seg til å nå WWF sitt mål om null plast på avveie i 2030.

Digital bøssebærar

TV-aksjonen i år blir litt annleis enn tidlegare år. No går det frå å vere tradisjonelle fysiske bøssebærarar over til digitale bøssebærarar. Det vil ikkje bli fysisk oppmøtestadar og det vil ikkje vere opptelling av kontantar i etterkant.

Ei digital bøsse er ei personleg innsamlingsside på nettet som du får når du registrerar deg som digital bøssebærar på blimed.no. Kvar digitale bøsse har si eiga unike nettadresse på SPLEIS.

Frå 15.september er det mogleg å få di digitale bøsse, men innsamlinga startar ikkje før 5.oktober.
Du kan redigere di digitale bøsse med dei bildene og informasjonen du vil ha.

Korleis registrere deg som ein digital bøssebærar?

Registrer deg som digital bøssebærar på : https://www.blimed.no/. Etter du er registrert vil du få meir informasjon på SMS.

Kontakt

Lena Landsverk Sande
ordførar
E-post
Telefon 70 03 00 01
Mobil 452 27 168