Treningsrommet på omsorgssenteret vil vere stengt inntil vidare

Klikk for stort bileteIllustrasjon lånt frå Pixabay  

Hei alle treningsglade.
Som mange sikkert har fått med seg har mange av landet sine treningssenter opna frå 15. juni.
Vi må likevel dessverre medele at treningsrommet på helse og omsorgssenteret på Fiskå foreløpig ikkje vil opne for bruk på ettermiddag, kveld og helg. Dette fordi vi som lite ubemannet treningsrom ikkje har muligheit for å tilpasse rommet til bransjestandarden i forhold til krav om avstand, reinhald og kontroll på antallet personar som oppheld seg i rommet til kvar tid.

Vi beklager ulempene dette medfører og vil komme tilbake med mer informasjon så snart vi veit noko om kva tid vi kan opne igjen.