Tilskot til etablering 2019

VaKlikk for stort biletenylven kommune har fått tildelt frå Husbanken kr. 500.000,- i tilskot til etablering for hausten 2019. Dette er tilskot som kan gjevast til husstandar som ikkje klarer å betjene eit tilstrekkeleg stort startlån og som forventast å ha langvarige problem med å finansiere eigd bustad.

Tildeling frå kommunen blir gjort etter ei økonomisk behovsprøving.

Prioriterte grupper er:

  • Barnefamilier med behov for eigna og stabil busituasjon. 
  • Personar som bur i kommunal bustad.
  • Personar som står i fare for å miste bustaden og som klarer å behalde bustaden ved refinansiering.
  • Personar med lav, men stabil og føreseieleg inntekt og som ikkje har muligheit for å spare opp eigenkapital.

Kontakt

Berit Slagnes Takseth
konsulent, helse og omsorg
E-post
Telefon 70 03 00 34