TA TAK - Kurs

Klikk for stort bileteØnskjer du å TA TAK?
TA TAK er eit kurs for deg som er pårørande til nokon som slit med psykiske vanskar og/eller rusmiddelavhengigheit

Kurset TA TAK er gratis og går over 6 kveldar, ein kurskveld i veka.

Tema på kurskveldane:

  • Meistring og verdigheit
  • Tvang og rettigheiter
  • Behandling
  • Pårørandeorganisasjonar
  • Søsken og andre barn i familien
  • Familieperspektivet

Innleiarane på kurskveldane er tilsette i
2.-linjetenesta og fagpersonar frå dei ulike kommunane.


Kurset vert halde på
Bygdastova i Ulsteinvik onsdagar kl. 18.00-20.30, med oppstart 30.1.2019.



Du er velkomen til å ta kontakt for nærare informasjon.

Påmelding innan 25.01.19 til :

Gunn Grønmyr                           gunn.gronmyr@ulstein.kommune.no

Tlf. 98230639

Solgunn Høyvik Moltubakk        solgunn.moltubakk@ulstein.kommune.no

Tlf. 98230618

 

Arrangør: Ulstein kommune i samarbeid med Vanylven, Herøy, Hareid, Sande, Volda og Ørsta kommunar, Kompetansesenter Rus – Midt-Norge (KoRus) Lærings- og mestringssenteret, TSB Ålesund og DPS Volda.