Stikk UT! Vinter

 

I morgon, onsdag 15.desember startar vintersesongen for Stikk UT! I år er det med 15 fotturar og 2 skiturar i Vanylven. Fotturane har vi prøvd å spreie geografisk rundt i kommuna slik at dei fleste innbyggjarane skal ha ein tur i sitt nærområde. Stikk UT! er eit lågterskeltilbod og vi håpar det vil motivere til kvardagsturar gjennom vinteren.

Ein ny funksjon i Stikk UT!-appen i år er «Sammen». Her kan alle ta initiativ til ein tur eller finne ein fellestur. Dette kan vere ein open invitasjon eller lukka til dei du inviterer. Tanken bak denne funksjonen er at det å vere saman om dei gode turopplevingane gir ein ekstra verdi og vinst til turen. Spesielt no med strengare restriksjonar kan det å gå tur i lag med nokon vere ein fin og trygg måte å vere saman på.

Registreringa kan du gjere i Stikk UT! appen eller på stikkut.no. Sesongen varer til 2.påskedag, som i 2022 er 18.april.

God tur! 

 

Stikk UT! Vinter fotturar:

  • 4H Hytta på Eidså
  • Ausa - Syltedalen
  • Benkjen oppå Legene - Åheim
  • Bygda Rundt – Fiskå
  • Bygda Rundt – på Åheim
  • Karistova i Åhaugen
  • Kleiva via Sandnesdalen
  • Nærtur Rovde – Åsevegen
  • Nærtur Syvde - Fløytevadet      
  • Nærtur Syvde - Sarpen
  • Nærtur Syvde – Årøyane
  • Orrenakken - Fiskå
  • Sandvikdalen – Turveg frå Sørbrandal til Sandvika           
  • Vassverket - Fiskå          
  • Vikevatnet - Slagnes                     

 

Stikk UT! Ski:

  • Rota
  • Vassdalsbu