Stikk UT! sesongen startar 1.mai

Klikk for stort bilete Renate Hatlegjerde  

Stikk UT! var Norges mest populære turtrim i 2020, med over 860 000 registrerte turar. No gledar vi oss til ny sesong og i år kan du velge mellom 471 turer i 25 kommuner.

I Vanylven er det 15 turar som er med i år, der 8 av desse er nye frå i fjor.

  • "Eureka"vatnet ved Helgehornsvatnet
  • 4H hytta på Eidså
  • Ausa, Syltedalen
  • Benkjen oppå Legene - Åheim
  • Blåfelden, Syvde
  • Demninga ved Okla - Rovde
  • Hundsnesvardane, Nordstranda
  • Kleiva via Sandnesdalen
  • Nyestøylen Syvde
  • Nystøylhornet, Åram
  • Sandvikdalen - Turveg frå Sørbrandal til Sandvika
  • Skåratinden
  • Vardehornet - Fiskå
  • Vassverket - Fiskå
  • Vikevatnet – Slagnes

Klikk for stort bileteSesongen varer frå 1.mai til 31.oktober. Siste veka i april vert det sendt ut kart til alle husstandar i posten med oversikt over alle Stikk UT! postane i Møre og Romsdal. Registreringa gjer du på stikkut.no eller i ny Stikk UT! app. God tur!

Kontakt

Hanne Morseth
folkehelsekoordinator / koordinator i kommunal oppfølgingsteneste
E-post
Telefon 70 03 01 82
Mobil 950 24 557