STIKK UT! i Vanylven

 Vanylven kommune vart medlem av Sunnmøre Friluftsråd 1.januar 2020. I samarbeid  med fjelltrimmane rundt om i kommuna er det valt ut 14 turar fordelt rundt om i  kommunen som skal vere del av årets Stikk UT! turar

 Ni av dei har grøn gradering, altså relativt enkle turar dei fleste kan klare. Fire er blå: Litt meir krevjande enn dei grøne, men framleis innan rekkevidde for dei fleste turgåarar. Ein tur, Blåfelden i Syvde, har raud gradering – og blir litt å strekkje seg etter, etter kvart som forma stig utover i sesongen…!

Til saman har Stikk UT! denne sesongen 437 turmål å by på i 24 kommunar i Møre og Romsdal.I desse dagar er frivillige i gang med å få på plass skilt, turkasser og kodar til startdatoen 1. mai.

 

Alle husstandar i Vanylven vil få kartbrosjyre i postkassene sine før 1.mai, der alle turane er markerte på kartet.. På grunn av smittefare vil det i år ikkje vere turbøker på postane, men vi festar koda på utsida av turkassa for å unngå smittespreiing. . På kvart turmål er det ein kode med to bokstavar og to tal som skal registrerast anten i appen Morotur (last ned gratis til smarttelefon) eller på nettsida stikkut.no.

 

Denne sesongen blir det talet på registrerte turar, ikkje talet på ulike turmål, som vil telle mest. Å gå same turen fleire gongar tel altså meir enn å ta mange ulike turar, dette for å auke fokuset på nærturar og redusere reising.

Sesongen startar 1.mai og varer til 31.oktober.

 

Her i  Vanylven er det Hanne Morseth som er ansvarleg for Stikk UT!, med m.a. John Willy Klungre som sentral medspelar.

 

Korleis delta på Stikk UT!

 

Aller først må du melde deg på som deltakar:

 

  1. Registrer deg som brukar på stikkut.no (fyll ut skjemaet)

 

  1. Finn og les om turmål på stikkut.no, eller på appen Morotur (last ned gratis) til mobilen i App Store eller Google Play)

 

  1. På turmålet finn du ein kode med to bokstavar og to tal. Registrer koden på stikkut.no eller i appen