Stenging av kommunal veg over eidet måndag 19 og tysdag 20 august grunna asfaltering !

Gamlevegen over Eidet vert stengt for gjennomkøyring måndag 19 og tysdag 20 august grunna asfaltering. Strekninga frå bedehuset forbi gamleskulen vert asfaltert, ca 1,0km.

Bussrutene på gamlevegen over Eidet vert instilt desse dagane, og vil køyre fv.61 over Eidet. Nærmaste busshaldeplass for skulelevar og andre i området vert busshaldeplass ved                                                   Combisenteret,

Fiskå skule eller busshaldeplass på fv.61 ved Lilleidet i denne perioden. Asfaltering vil medføre venting for også den lokale trafikken på gamlevegen.

Asfaltering vert også utført desse dagane på Sandnes (Eidså), Hardbakkvegen (Syvde), Skansen (Fiskå), Åheim barnehage, delar av industrivegen i Åheim sentrum og delar av Tue (Åheim).

Trafikk til desse områda vert også sterkt begrensa i delar av denne perioden.