Søre Sunnmøre kemnerkontor

Klikk for stort bilete Kommunane Herøy, Ulstein og Vanylven har frå 1. januar 2019 etablert eit felles skatteoppkrevjarkontor, Søre Sunnmøre kemnerkontor.

Søre Sunnmøre kemnerkontor er organisert som eit interkommunalt samarbeid etter ein vertskommunemodell, og Herøy er vertskommune for dette samarbeidet.

Kontoret finn du på rådhuset i Fosnavåg

Søre Sunnmøre kemnerkontor er lokalisert i økonomiavdelinga på rådhuset i Fosnavåg, og får to tilsette. Skatteoppkrevjar i Herøy Jan Driveklepp vert formell skatteoppkrevjar i Søre Sunnmøre kemnerkontor. Driveklepp er utdanna jurist og bedriftsøkonom, og har lang erfaring som skatteoppkrevjar i Herøy. I tillegg er Thanja Kanagalingam tilsett som rådgjevar. Kanagalingam er nyutdanna siviløkonom.

Krev inn skatt frå 21.000 innbyggjarar

Søre Sunnmøre kemnerkontor vil ha ansvar for å krevje inn skatt og arbeidsgjevaravgift frå om lag 21.000 innbyggarar og om lag 950 arbeidsgjevarar. Totalt reknar ein med å krevje inn om lag 2,6 milliardar kroner årleg i skattar og arbeidsgjevaravgift.

Søre Sunnmøre kemnerkontor vil ikkje ha ansvar for å krevje inn kommunale krav som kommunale avgifter, barnehage/SFO, eigedomsskatt, m.m. Dette vil framleis bli utført av den enkelte kommune.

Kemnerkontoret vil vere ansvarleg for utføring av kontroll mot arbeidsgjevarar i kommunane. I Herøy og Ulstein vil dette arbeidet bli utført av Nordre Sunnmøre kemnerkontor i Ålesund, medan det i Vanylven vil bli nytta eigen ressurs.

Kontaktinformasjon

Postadresse for Søre Sunnmøre kemnerkontor vert: Postboks 173, 6099 Fosnavåg, og e-post adresse vert skatt@heroy.kommune.no. Kommunane Herøy, Ulstein og Vanylven har felles sentralbord, så ein kan ringe kommunen sitt sentralbord for å kome i kontakt med kemnerkontoret.