Sommarjobb for ungdom på BUA Vanylven

Klikk for stort bilete 

BUA Vanylven har fått midlar frå Bufdir og Gjensidigestiftelsen for å tilsette ungdom hjå BUA i sommar. Vi skal halde ope BUA utlånssentral og skape aktivitetar for barn og unge gjennom sommaren.

Vi ynskjer å tilsette ungdom i inntil 8 veker med fordelte vakter anten på BUA utlånssentral og/eller BUA aktivitetstilbod. Alle som får jobb får tilbod om vakter fordelt gjennom sommaren. Du får god opplæring og oppfylging.

Vi søkjer etter ungdom mellom 13-18 år busett i Vanylven og som har lyst til å legge til rette for aktivitet for barn og unge i Vanylven.

Jobben vil innebere:

Veke 25: Opplæring og planlegging av aktivitetar.

Veke 26-33: Halde BUA ope og gjennomføre aktivitetar.

Arbeidsstad: BUA Vanylven, Fiskå

Dette ser vi etter hos deg:

  • Interesse for fritidsaktivitetar og friluftsliv
  • Kan handtere bruk av data og sosiale mediar
  • Serviceinnstilt
  • Ansvarleg, løysingsorientert og lærevillig.

Anna:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Løn: Timelønn etter gjeldande satsar

Søknadsfrist: 13.06.21

Korleis søkje ?

Du søkjer på stillinga ved å sende ein mail til: postmottak.vanylven@vanylven.kommune.no. Skriv litt om deg sjølv, svar gjerne på punkta frå "Dette ser vi etter hos deg".

Har du spørsmål?

Oddbjørg Vik Nordal, mob 413 33 069

Leiar Familie- og læringssenteret