Søknad om barnehageplass 2021-2022 - frist 01.03.21

Klikk for stort bilete Søknadsfrist innan 01.03.2021

I Vanylven kommune har vi 1 privat og 2 kommunale barnehagar.

Solsikka barnehage på Fiskå (privat)

Syvde barnehage (kommunal)

Åheim barnehage (kommunal)

 

Kommunen nyttar felles søknadsskjema og felles opptak av barnehageplass til alle barnehagane, både kommunal og privat barnehage.

For søknad om barnehageplass frå august 2021 må det søkjast innan 01.03.2021.

  • Søknader om barnehageplass som kjem inn etter dette, blir behandla ved supplerande opptak, dersom det vert ledige plassar.

 

Elektronisk søknadsskjema finn du her 
Meir informasjon finn du her 

All informasjon om barnehagane i Vanylven kommune finn du under ”Barnehage og skule”

Send elektronisk søknadsskjema innan 01.03.2021. Det krev innlogging med ID-porten. Dersom du ikkje har bank-id ta kontakt med styrar i den barnehagen du har som førsteprioritet.

Servicetorget i kommunen, tlf. 700 30 000, kan sette deg i kontakt med styrarane.

Nytt barnehageår startar mandag 16. august 2021 for dei kommunale barnehagane.
Solsikka barnehage tek inn nye barn frå 1. august 2021.

Dei som allereie har plass i barnehage, treng ikkje søkje på nytt med mindre ein ynskjer å auke/redusere plassen eller byte barnehage.