Skogrydding langs Fylkesveg 61

Møre og Romsdal fylkeskommune skal rydde skog langs to vegstrekningar på FV61. Den eine er strekninga mellom Larsnes og Årvika i Sande kommune, medan den andre strekninga er i Vanylven kommune mellom Ekreim og Vik/ Slagnes. Arbeidet startar opp om lag i veke 3, og vil pågå utover vinteren.

 

Føremålet med arbeidet er trafikksikringstiltak for å betre sikt langs vegen. Det vil medføre litt venting då det blir behov for stengning av eitt køyrefelt. Trafikken vil bli regulert av trafikklys. Det vil foregå noko kveldsarbeid, og ein må pårekne inntil 15 minutt ventetid. 

 

Kontaktperson:

Eivind Voldsynd, byggeleiar, mob. 907 73 969

 

Strekning 2: Ekreim – Vik/Slagnes
Strekning 1: Larsnes - Årvika