Skatteoppgjeret for 2018

Klikk for stort bilete

 

 

 

Skatteoppgjeret for dei fleste lønstakarar og pensjonistar, er klart 20. juni 2019.

Skatteoppgjeret for dei fleste er klart 20 juni 2019

Skatteoppgjeret for dei fleste lønstakarar og pensjonistar som leverte skattemeldinga elektronisk eller som ikkje sende inn endringar, er klart 20 juni 2019.

Personar som leverte skattemeldinga på papir, vil få skatteoppgjeret i tidsrommet 15 august til 23 oktober 2019. Skatteoppkrevjarkontoret/skattekontoret kan dessverre ikkje gi deg ein konkret dato for når du får oppgjeret ditt, dersom du ikkje får skatteoppgjeret i juni.

Elektroniske brukarar får varsel om at skatteoppgjeret er tilgjengeleg i Altinn via e-post eller SMS. Har du pengar til gode, får du dei utbetalt innan tre veker etter den datoen som står øvst til høgre på skatteoppgjeret ditt. Dei aller fleste som får skatteoppgjeret i juni, vil få til gode beløpet inn på konto 20-21 juni 2019.    

Ved manglande utbetaling

  • Sjekk om beløpet har kome inn på den kontoen du har oppgitt på sjølvmeldinga.
  • Har du skifta bankkonto?
  • Har du flytta, og gløymt å melde adresseendring til Folkeregisteret?
  • Skatteoppgjeret og utbetalingskort kan ha kome i retur på grunn av feil adresse eller kontonummer. Ta kontakt med skatteoppkrevjaren.

Dersom du er skuldig skatt for andre år, skatt til andre kommunar, har ubetalt bidragsgjeld, meirverdiavgift, motorvognavgift eller har annan restanse til stat eller kommune, vert pengane dykkar halde tilbake for motrekning, før eventuelt restbeløp vert utbetalt. Du vil motta ei melding om gjennomført motrekning dersom Dykkar tilgodehavande er motrekna.

Dersom du meiner at motrekninga er feil, så kontakt den kreditoren som motrekninga er gjort til fordel for. Motrekna beløp er overført til kreditorane.

Til gode beløp under 100 kr vert ikkje utbetalt.

Restskatt

Dersom skatteoppgjeret syner ein restskatt å betale, så skal restskatt etter skatteoppgjeret i juni betalast i to avdrag 20 august og 24 september 2019. Dersom restskatten er under 1000 kr, så skal heile restskatten betalast 20 august 2019.

Restskatt under 100 kr vert ikkje innkreve.

Kontakt

For ytterlegare informasjon om skatteoppgjeret og andre skattespørsmål, sjå skattekontoret sine internettsider www.skatteetaten.no

Telefonnummer:      Skattekontoret          800 80 000

                                Skatteoppkrevjar      700 81 300

E-post:                     Skatteoppkrevjar      skatt@heroy.kommune.no