Sju kommunar løftar i flokk og tek i bruk digital innbyggardialog via Helsenorge.no i haust.

Klikk for stort bilete Er du brukar av heimehjelp eller matombering, eller er pårørande til ein som mottek desse tenestane? Denne hausten innfører vi sikker digital dialog med ansvarleg for tenesteytinga, via Helsenorge.no. Du kan også få oversikt over planlagde besøk, og få kvitteringar på utførte oppdrag. 

Dei sju kommunane på søre Sunnmøre er kjend for gode samarbeid seg i mellom og "Sjustjerna" er blitt eit omgrep langt utanfor vår region. Denne hausten byrja vi å ta i bruk nasjonale løysingar for innbyggardialog via Helsenorge.no. 

For innbyggarane våre vil det bety at tenestemottakar av kommunale helse- og omsorgstenestar eller pårørande for desse, får ein kanal for sikker digital dialog med ansvarleg for tenesteytinga, kan få oversikt over planlagde besøk, og få kvitteringar på utførte oppdrag.

Innbyggar som vil ta i bruk løysinga må registrere seg i Helsenorge.no. Sjå meir info her: https://ehelse.no/teknisk-dokumentasjon/helsenorgeno/kva-er-helsenorgeno

Sjå også brosjyre frå KS om tenestene: https://www.ks.no/globalassets/fagomrader/digitalisering/meldinger-og-kalender-pa-helsenorge.no-og-digihelse/brosjyre-om-hjemmetjenester-pa-helsenorge.no.pdf