Signering av ACT avtale

Klikk for stort bilete Kommunane i Sjustjerna og DPS Volda Ambulantseksjon har inngått ein skriftlig avtale om ACT (Assertive community treatment) til pasientar som bor i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre.
Avtalen er signert av kommunalsjefane i de sju kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Ørsta, Volda og Vanylven. Frå spesialisthelsetenesta signerte seksjonsleiar for ambulante tenester, Ottar Røyset.

Det har vore ein lengre prosess å få denne avtalen på plass, men no er alle fornøgde med å få formalisert eit samarbeid. Tilbodet skal vere eit føreseieleg tilbod med ekstra fagleg kompetanse, til ei gruppe pasientar som ikkje greier å nytte seg av det vanlige tilbodet som spesialisthelsetenesta og kommunane tilbyr.

ACT er ein modell for å gi oppsøkande, samtidige og heilskaplege tenester til menneske med alvorlige psykiske lidingar (Helsedirektoratet). ACT-teamet på Søre har fungert sidan hausten 2017, men har hatt ein munnleg avtale til grunn. No har vi endelig formalisert dette samarbeidet, og Ambulant seksjon DPS Volda og kommunane i Sjustjerna, ser frem til god samhandling kring ei pasientgruppe som treng slik oppfølging.

Kommunane og Helseføretaket er avhengige av å samhandle godt, for å møte framtidas utfordringar på ein berekraftig måte, både fagleg og økonomisk. Samarbeidet kring ACT, er eit godt døme på dette.