Rekordmange fekk opplæring i ansvarleg vertskap

Klikk for stort biletePolitiet, kommunen, serveringsbransjen, Securitas og kompetansesenteret for rus i Midt-Noreg stod saman bak kurset. Foto: Svein Arne Orvik 70 deltakarar frå skjenkestadar i regionen var måndag samla til kurs i Ulsteinvik om alkohollova, konflikthandtering med meir. 

Handtere alkohol ansvarleg 

Ansvarleg vertskap er eit fast samarbeid mellom dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, politiet, serveringsbransjen, kompetansesenteret for rus i Midt-Noreg og Helsedirektoratet. 

Målet med samarbeidet er å handtere alkohol ansvarleg og førebygge rusrelatert vald. Slik ønsker samarbeidspartnarane å gjere kommunane våre endå tryggare og trivelegare å ferdast i. 

Informasjon og opplæring 

På kurset fekk dei som jobbar på, eig og driv skjenkestader informasjon og opplæring om 

  • rolla alkoholen spelar i samfunnet 
  • eigenskapane og verknadane alkoholen har 
  • alkohollova og sentrale føresegner om skjenking 
  • overskjenking og definisjonen av "openbert påverka" 
  • samarbeidet mellom kommunen, politiet og bransjen 
  • kommunikasjon/konflikthandtering 
  • branntryggleik