Råd til næringsdrivande i korona-arbeid

Råd til næringsdrivande i korona-arbeid

 Kommunen oppmodar alle næringsdrivande til å gjere seg nokre tankar om korleis dei skal løyse det ved høgare sjukefråvær og ved eit eventuelt utbrot av covid-19 i Vanylven kommune.

Sidan alle vert oppmoda om å halde seg heime dersom ein har symptom som hoste/feber/m.m. vil det venteleg verte meir sjukefråvær framover. Samtidig er det ein strategi å teste flest mogleg, så dersom det er nokon som har symptom så ynskjer kommuneoverlegen at desse tek kontakt for testing. Informasjon om testing lokalt finn de her.

 

 

Kontinuitetsplanlegging har vorte ein elementær del i korleis kommunen førebur seg i denne tida. Kva grep som må gjerast for å halde drifta og leveransen av tenester i gong, sett at gitte situasjonar kan oppstå.

Kanskje kan det vere føremålsteneleg at di bedrift har slike planar?

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har ein rettleiar i kontinuitetsplanlegging som kan vere nyttig.

 

 

På Helsedirektoratet si nettside fins der forøvrig ei god oversikt på vurderingspunkt for heimekontor, dersom det er ei aktuell problemstilling i dykkar bedrift.