Presisering av reglar ved sammenkomstar i romjul/nyttår

Klikk for stort bilete  

helsenorge.no si samleside for juleråd finn du masse detaljert informasjon om smittevernråd og –reglar. I Vanylven kommune følgjer vi dei nasjonale råda.

Rådet som gjeld no er at du ikkje skal ha meir enn fem gjestar på besøk heime, på hytta eller i hagen. For jula er det gjort unnatak. I løpet av juleferien kan du to gongar invitere inntil ti gjestar heime. Kvar enkelt bør ikkje delta i meir enn to selskap i løpet av perioden.

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet presiserar at ein ikkje bør vere fleire enn ein husstand + 10 gjestar på dei to dagane ein kan ha 10 gjestar på besøk. Dette betyr IKKJE at dersom du har besøk av 5 stk på overnatting i fleire dagar, så kan du ha opptil 10 nye personar ilag med med dei andre 5, fordi dokke har blitt «ein kohort».

Merk også at dersom gjestane dine sovnar på sofaen, eller overnattar på anna vis, tel dette som to besøk. Du kan dermed ikkje ha opp til 10 gjestar på julafta som overnattar til første juledag , og deretter eit nytt selskap seinare i jula.

Nyttige lenkjer: