Politisk møte med ungdomsrådet 19.11.19

Klikk for stort bilete Tysdag 19.11.19 hadde ungdomsrådet møte med Jørn-Arild Mikkelsen frå KS-konsulent sitt kompetanseteam. 

Etterpå fekk dei besøk av økonomisjef Hallvard Takset for å snakke om budsjettet. 

Ungdomsrådet fekk besøk på tysdagens møte for å høyre om kva ungdomane sjølv syns om læringa og skulane i kommunen.

Debatten satt laust blant ungdomane og det var mange som hadde klare meiningar på korleis dei vil ha det. Jørn-Arild vart svært imponert over klokskapen ungdomsrådet kom med, og kor mykje dei hadde å sei.

Når elevane blir spurt kva dei vil ha meir av i skulane, er svara klare med ein gong. 
Dei tykkjer det er viktig å få inn meir praktisk arbeid, økonomi og psykisk helse i faga på skulen. 
Dei legg også vekt på dette med å få teste ut arbeidslivet tidlegare og oftare enn kva dei får prøve seg på no.

Det at folketalet i kommunen minkar, bekymrar ungdomane. Men dei har også ei god forklaring på korleis ein kan endre det. Det som står høgt i fokus er at folk som flyttar ut av kommunen må ha noko å kome tilbake til. Vil ein ha med seg familien til heimkommunen må ein ha tilgong til både skule, barnehage og arbeidsplass. 

Vi er heldige som har våre eigne ungdomspolitikarar som er så reflekterte og engasjerte. Kanskje ein dag vil ein av desse sitte som ordførar ?
Det er viktig no at ungdomsrådet får vise si stemme då dei talar for alle ungdomane i Vanylven kommune. 

Neste kommunestyremøte kan ein sjå to representantar frå ungdomsrådet som også skal vere med. Dette syns dei er veldig kjekt og spennande.