Oppdatert informasjon angåande nattestenging av Fv. 61 ved Tunheim

Møre og Romsdal fylkeskommune  

Oppdatert informasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune: 

 

Fv. 61 nattestengt ved Tunheim i Vanylven i neste veke

Møre og Romsdal fylkeskommune er i gang med å skifte om lag 20 stikkrenner (røyr gjennom vegen) ved Tunheim i Vanylven. Vegen er så smal at arbeidet ikkje let seg gjennomføre med trafikk. Utskiftinga går mot slutten, men det er naudsynt med arbeid to netter også neste veke. Vegen blir stengt:

  • Måndag 23. august frå kl. 23.00- kl. 06.00 neste dag
  • Tysdag 24. august frå kl. 23.00-kl. 06.00 neste dag

Stikkrennene leiar vatn vekk frå vegen. Om dei blir øydelagde kan vegen i verste fall kollapse. Røyra som ligg i vegen no blir bytta ut i røyr med større dimensjon for å kunne ta unna auka nedbørsmengder i framtida. Når denne delen av jobben er ferdig, får heile strekningen ny asfalt.

Kontaktperson i Møre og Romsdal fylkeskommune:
Byggeleiar Eivind Voldsund, telefon 907 73 969

Her finn du tidlegare publisert informasjon angåande arbeidet med vegen