Opninga av barnehagane

Klikk for stort bilete Barnehagane i Vanylven kommune opnar torsdag 23.04. Torsdag 23.04 og fredag 24.04 vil opningstida ved barnehagane i kommunen være frå 08:00 – 15:00. Frå og med måndag 27.04 vil opningstidene kunne justerast noko. Vi vil informere meir om dette seinast fredag denne veka. 

Det er i samråd med kommuneoverlegen at vi no kan seie at vi er klare til opning, og at vi kan seie at barn, tilsette og foreldre kan kjenne seg trygge på at vi stettar dei krava som er sette til smittevern. 

Etter at rettleiaren for barnehage kom onsdag ettermiddag, er det lagt ned eit svært godt arbeid i barnehagane i samarbeid med kommuneoverlegen vår. Dei tilsette har fått god opplæring i smittvern basert på rettleiaren og sett seg godt inn i krava som er sette for opning. Barna er delte inn i faste grupper, det er utarbeidd rutinar for levering og henting og det vert lagt opp til ei vesentleg forsterking av reinhaldet. 

Har barnet ditt symptom på luftveisinfeksjon, også milde symptom, skal det ikkje møte i barnehagen. No er det ekstra viktig at barnet er heime i minst eit døgn etter at dei er symptomfri. 
Har føresette eller andre i husstanden fått påvist koronavirus skal de ikkje møte i barnehagen. Kommunelegen vil ha kontakt inn i familien med mistenkt/påvist smitte med koronavirus. 


Dei tilsette ved barnehagane i Vanylven gled seg til opning og er klare til å ta imot born og føresette. Velkomne tilbake! 

 

Oppdatert 24. april:

Opningstider for barnehagane i Vanylven kommune. 
Opningstidene ved barnehagane i kommunen vil også i veke 18 vere frå 08:00 – 15:00. 
Vi vil framleis sørge for å gje eit utvida tilbod ved barnehagen til utsette barn og unge og barn som har foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar. Ta kontakt med styrar ved den enkelte barnehage for å avklare behov for eit slikt tilbod.