Opning av skulane og SFO mandag 27. april

Klikk for stort bilete Frå 27. april opnar skulane i Vanylven kommune frå 1. - 4. klasse og SFO.

Skulane arbeider no saman med kommuneoverlegen for å sikre at opninga skjer kontrollert og innanfor rammene til den nasjonale rettleiaren for barneskulen og SFO. Elevar frå og med 5. klasse til og med 10. klasse skal framleis få eit opplæringstilbod heime.
Lenkje til den nasjonale rettleiaren finn du her.
Utdanningsdirektoratet sin informasjon til føresette finn du her.

1 – 4 klasse ved skulane og SFO tilbodet i Vanylven kommune opnar måndag 27.04. I veke 18 vil opningstidene være slik: 
· Myklebust skule: 07:45 – 15:30 
· Fiskå skule: 07:20 – 15:30 
· Åheim skule 07:20 – 15:30 


Frå og med veke 19 vil opningstidene kunne justerast noko. Vi vil informere meir om dette seinast torsdag 30.04. 


Det er i samråd med kommuneoverlegen at vi no kan seie at vi er klare til opning, og at vi kan seie at elevar, tilsette og foreldre kan kjenne seg trygge på at vi stettar dei krava som er sette til smittevern. 


Etter at rettleiaren for barneskulen og SFO kom måndag ettermiddag, er det lagt ned eit svært godt arbeid på skulane og SFO i samarbeid med kommuneoverlegen vår. Dei tilsette har fått god opplæring i smittvern basert på rettleiaren og sett seg godt inn i krava som er sette for opning. Elevane er delte inn i faste grupper både på skulen og i SFO. Det vert lagt opp til ei vesentleg forsterking av reinhaldet. 
Har barnet ditt symptom på luftvegsinfeksjon, også milde symptom, skal det ikkje møte på skulen eller SFO. No er det ekstra viktig at barn er heime i minst eit døgn etter at dei er symptomfri. Har føresette symptom på luftvegsinfeksjon eller fått påvist koronavirus skal de ikkje møte på skulen eller på SFO. Kommunelegen vil ha kontakt inn i familien med mistenkt/påvist smitte med koronavirus. 


Skyss går som normalt, men vi oppmodar i tråd med nasjonale føringar å unngå skuleskyss og offentlig transport om dette er mogleg. Dersom elevane tek skuleskyss er det viktig at dei blir minna på å halde god avstand, både medan dei ventar på bussen og i bussen. 


Vi vil framleis sørge for å gje eit utvida tilbod på skulen til utsette barn og unge og barn som har foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar. Ta kontakt med rektor ved den enkelte skule for å avklare behov for eit slikt tilbod. 


Dei tilsette ved skulane og SFO i Vanylven gleder seg til opning og er klare til å ta imot elevane. Velkommen tilbake!