Opning av rådhuset

Klikk for stort bilete13.mars stengte vi rådhuset for besøkjande på grunn av situasjonen rundt Covid-19 viruset. No startar vi med gradvis opning av diverse tenestar.

Den komande veka opnar vi rådhuset for besøkjande, men sjølv om fleire tenester opnar, er ikkje alt som før dei stengde. Rammene er nye og vi har gjort ulike smitteverntiltak. 

Vi oppmodar alle til å gjere avtale på førehand med den du skal møte. Når ein kjem til rådhuset må ein melde seg på servicetorget og deretter bli henta av den du skal møte. Døra mellom servicetorget og resten av rådhuset vert låst, då vi ikkje ynskjer at der skal vere fleire tilstades og at vi skal kunne halde oversikt på kven som til ei kvar tid er der. 

 

Opningstid

Rådhuset er ope frå kl. 8 til 15 alle kvardagar. 

Slik gjer du ein avtale

For å yte god sørvis, oppmodar vi alle til å gjere avtale på førehand med den du skal møte. Gjer avtalen på e-post via postmottak@vanylven.kommune.no eller via sentralbordet på tlf. 70 03 00 00. 

Digitale møte

Vi kan gjennomføre digitale møte om du ikkje har høve til å møte oss fysisk. Det kan du avtale med saksbehandlaren.

Smittevern

Elles gjeld dei vanlege hygienereglane. Dersom du er sjuk, skal du ikkje kome innom. Hugs å ha god handhygiene og hald god avstand til andre personar.