Ope møte om trafikktryggingsplan

Klikk for stort bilete Vanylven kommune har for tida ny kommunedelplan for trafikktrygging ute til offentleg ettersyn og inviterar i høve dette til ope møte om trafikktryggingsplanen onsdag 15.mai kl. 18:00 på kommunestyresalen på Fiskå. 

Administrasjonen vil presentere planen slik den ligg føre, og det vert moglegheit for å kome med spørsmål og innspel. 

Merk: for at innspela skal kunne takast med i vidare vurdering, må desse innspela vere skriftleg og sendast til Vanylven kommune, Rådhuset, 6143 Fiskå eller postmottak@vanylven.kommune.no, innan 7.juni 2019   

Vel møtt