Ope digitalt folkemøte 24. mars kl. 17:00 - Presentasjon og innspel for å sikre stabilt folketal i kommunen i framtida

Klikk for stort bilete  

 

Link til møtet finn du her  

           Møterommet opnar ikkje før kl. 16:00

Ope møte 24.03.21, kl.17:00 for å presentere og å få innspel til tiltak for å sikre stabilt folketal i kommunen i framtida

Eit offentleg oppnemnt utval leia av Victor Normann har levert ei utgreiing om demografiutfordringar i distrikta. Utvalet meiner det er stort behov for nytenking i distriktspolitikken og foreslår utprøving av fleire nye tiltak. NOU 2020:15 "Det handlar om Norge" er sendt på høyring til departement, offentlege instansar deriblant kommunane, organisasjonar og andre som ynskjer å kommentere forslaget. Utvalet oppfordrar høyringsinstansar til å spele inn forslag til andre tiltak som ikkje er inkludert i deira liste. På den måten kan høyringsrunda bidra som ein virkemiddeldugnad for framtidig distriktspolitikk. Alle som er interessert kan sende høyringsuttale.

Demografiutvalet vurderer framskrivingane til SSB slik at det er mogleg å oppnå stabilitet i folketalet i distrikta framover, men at ei slik utvikling ikkje vil skje av seg sjølv, og utvalet har lagt fram følgjande forslag til tiltak:

 

–forsøk med gratis barnehage og SFO for å auke familieetablering i og tilflytting til distriktskommunar

–forsøk med bygrensa førerkort for 16-åringar for å gjere ungdom i distrikta meir mobile

–forsøk med skattefritak for å stimulere markedet for utleigebustader i distrikta

–forsøk med saneringsstøtte for å motvirke fysisk forslumming

–forsøk med fleire desentraliserte einingar i statlege verksemder for å auke den statlege sysselsettinga i distrikta

Ordføraren vil på det digitale møte 24.03.21, kl.17:00 presentere demografiutvalets rapport, og dei aktuelle tiltaka utvalet meiner kan vere nødvendig for å oppnå stabilitet i folketalet i distrikta framover. Vi håper at innbyggjarane våre vil delta på det digitale møte og såleis delta på dugnaden for å kome med forslag til tiltak, som kan bidra til å skape stabilt folketalet i vår kommune i framtida.

Vi håper at mange under møte vil kome med forslag til tiltak. Innspel til tiltak frå våre innbyggjarar vil bli vidaresendt til departementet innan høyringsfristen, som er 26.mars 2021

 

Link til møtet finn du her  

           Møterommet opnar ikkje før kl. 16:00