Økonomiplan 2020 - 2023 - til offentleg ettersyn

Økonomiplan 2020 - 2023 - til offentleg ettersyn

Lure du på kva kommunen skal bruke pengar på dei komande fire åra?

Vanylven formannskap sitt framlegg til budsjett og økonomiplan (budsjett 2020 og økonomiplan 2020 - 2023) for Vanylven kommune er lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med §§ 44.4 og 45.3 i kommunelova.

VEDTAK i formannskapet 02.02.2019 – sak 200/19 Økonomiplan 2020 – 2023 med budsjett for 2020

1.Driftsbudsjettet for 2020 med rammeløyving per sektor og investeringsbudsjett for 2020 med løyving per prosjekt og slik desse går fram av taldelane i budsjettdokumentet, vert lagd ut til høyring med innkomne merknader frå dei ulike utvala.

2. Økonomiplanen for åra  2020-2023 med rammeløyvingar til drift per sektor og investeringar per prosjekt slik desse går fram av taldelane i budsjettdokumentet vert lagd ut til høyring  med innkomne merknader frå dei ulike utvala.

 

Budsjettdokumentet vart presentert for politikarane mandag 5. november, og med det startar deira arbeid med kva kommunen skal prioritere og satse på dei komande åra. Heile budsjettdokumentet finn du her.

 

Framlegget vert å ta opp til slutthandsaming av Vanylven kommunestyre i møte mandag 16. desember 2019.

Vi ber om at merknadar vert sendt til postmottak@vanylven.kommune.no eller sendt/levert til servicetorget, 6143 Fiskå.  Innspel må vere kommunen i hende seinast 16.12.19kl. 08:30.

Rådmannen