Nytilsett prosjektleiar i Samklang

Klikk for stort bileteNAV Herøy og Vanylven har tilsett ein ny prosjektleiar, Stine Sætre, i prosjektet «Samklang». Prosjektet «Samklang» - utvikling av dei sosiale tenestene i NAV er eit interkommunalt samarbeid mellom ulike tenesteytarar i Herøy og Vanylven. Målgruppene som er høgast prioritert i prosjektet er hushaldningar med born som er longtidsmottakarar av økonomisk sosialhjelp og dei som er mottakarar av fleire tenestetilbod.

Tidlegare prosjektleiar 

Stine Sætre er utdanna barnevernspedagog, og tilsett i eitt år som prosjektleiar ved NAV Herøy og Vanylven. Før ho starta å jobbe i NAV, har ho blant anna vore leiar for prosjektet «Utekontakt for ungdom» i Vanylven kommune. Sætre kjem frå Bergen, men er busett i Sande kommune saman med mann og tre barn.

Spennande og utfordrande prosjekt 

- Eg synast det er positivt at dette prosjektet har fokus på det heilheitlege biletet i tenestene som tilbys innbyggjarane i Herøy og Vanylven, seier Sætre. Ho trur dette vert eit både spennande og utfordrande prosjekt, der ho skal samarbeide med ulike kommunale tenesteytarar og NAV, i tillegg til å samhandle med brukarane av dei ulike tenestene. Sætre seier ho håpar ho kan møte alle på ein god måte, og ho er spent på å lytte til dei ulike partane sine ynskjer og behov, og få til noko ut i frå det. For det er jo det dette handlar om; å få til ein god samordna innsats for felles brukarar av ulike tenesteytarar.

Må fyrst setje seg inn i NAV-systemet

Sætre skal samarbeide med det sosialfaglege teamet på NAV Herøy og Vanylven. Ho jobbar per i dag med å setje seg inn i systema i NAV og bli kjend med sin nye arbeidsplass.

- Det vert spennande med vegen langsmed, der vi må evaluere og kanskje prøve nye ting undervegs. Fyrst og fremst må eg setje meg inn i NAV-systemet, avsluttar Sætre.