Ny rådmann

Klikk for stort bileteDet var eit samrøystes kommunestyre som tilrådde tilsetting av Rita Kvamme som ny rådmann i Vanylven kommune. 
 

Klikk for stort bileteHo er 47 år gammal, bur i Selje kommune og er personalsjef i Vågsøy kommune, som ho har våre dei 7 siste åra. I tillegg har ho anna leiarerfaring frå tidlegare.

Kvamme har teoretisk utdanning innan HR, og er no i avslutningsfasen på ein mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing.

Den komande rådmannen har fått gode referansar, både i høve arbeidskapasitet, målorientering og resultatoppnåing.

                                     Vi ser fram til å jobbe saman med henne!