Ny kommunalsjef for helse og omsorg

Klikk for stort bilete Aud Marie Åsen er 49 år gammal og er busett på Nordfjordeid. Ho er tidlegare tenesteleiar for Velferd i Vågsøy kommune. 
 

Åsen er utdanna sosionom ved høgskulen i Sogn og fjordane, og i tillegg har ho teke diverse vidareutdanningar.

Aud Marie har god kjennskap til dei oppgåvene som krevst av ein kommunalsjef i helsesektoren, då ho frå tidlegare har leiarerfaring, og er no i sluttfasen på ein master i helseledelse. 

Vi ser fram til å jobbe saman med henne!