Nørve sluttar som rådmann våren 2019

Klikk for stort bilete I årets siste nyhendebrev til dei tilsette informerte rådmann Andreas Nørve i dag om fylgjande:

Det å vere rådmann i ei kommunen som har eit så godt driv og som har som mange dyktige medarbeidarar er kjekt. Det er likevel ei tid for alt og eg har sagt i frå til ordføraren om at eg vil slutte som rådmann 1. april 2019. Eg vil frå same dato starte i ny stilling som assisterande rådmann i Herøy kommune.

Å vere rådmann er til tider ei altoppslukande oppgåve, og no ser eg høve til å få tid for å prioritere familien.

Det er sjølvsagt vere vemodig å skulle slutte i Vanylven kommune. Dette både fordi eg har trivast godt i jobben; har hatt eit godt samarbeid med politikarane og ikkje minst hatt tilsette som har bidrege til at vi har blitt betre og betre. Men den viktigaste arbeidet for å sikre innbyggjarane våre gode tenestetilbod, er kvar enkelt tilsette i vår organisasjon. Eg er heilt sikker på at kommunen vil levere like gode tenester med ein ny rådmann på laget. Rådmannen vil saman med kommunalsjefane ha ei god organisasjon i ryggen, som både er lojal og som kvar dag gjer sitt aller beste for våre innbyggjarar.

Både eg og kommunalsjefane vil leggje til rette for at ein ny rådmann skal kunne ta over i løpet av våren. Det blir ein spennande og viktig jobb for politikarane å sikre ein ny rådmann i stillinga. Den nye rådmannen vil ha alle føresetnader for å kunne styre og utvikle ei kommune, der både politikarar, administrasjon og tillitsvalde går same veg.

Eg har hatt ei utruleg fin tid i Vanylven kommune.

Leiargruppa i kommunen takkar for eit godt og innhaldsrikt år.