Foto: Colourbox/illustrasjon
Nødvarsel på mobil er ei teneste frå norske myndigheiter. Det betyr at visst det oppstår ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse der du er, so kan du få eit nødvarsel til din mobiltelefon.
Eit nødvarsel inneheld informasjon om kva som skjer, og kva ein bør gjere for å beskytte seg sjølv.
Nødvarselet sendast ut via mobilnettet og ut til alle mobiltelefonar i eit definert område. Dette betyr at både norske og utenlandske mobiltelefonar som er i det området, vil motta varselet, enten på norsk eller engelsk.
Det som skjer når du får eit nødvarsel:
- Telefonen vibrerar og speler av ein høg sireneaktig lyd
- På skjermen kjem det ein kort tekst som fortel deg kva som skjer og kva du skal gjere.
Når du mottek ei slik melding må du stoppe opp, lese eller lytte til varselet, og følgje rådet.
Varselet mottast og blir vist på alle mobiltelefonar som er
- Skrudd på
- Kobla til mobilnettet (4G/5G)
- Oppdatert med nødvendig programvare
Gå inn på nødvarsel.no si heimeside og lese meir om nødvarselet.
Publisert av Irma Kristin Moen
Sist endra 16.03.2023 13:21